top of page

Kvalitet

Frå rogn til ferdig produkt 

I ei verd der ørretproduksjonen er i stadig utvikling, stiller vi høge krav til kvalitet, ansvar og langsiktig drift. God fiskevelferd er grunnlaget for alt vi gjer – frå rogn i tidleg stadium til eit ferdig produkt av høg kvalitet.
 

​Mattryggleik står sentralt i produksjonen vår. Vi gjennomfører regelmessige veterinærkontrollar av både fisk og anlegg, nyttar førebyggjande vaksinering mot sjukdomar og produserer utan bruk av hormon, GMO eller antibiotika. All fisk er dokumentert og sporbar gjennom heile verdikjeda.
 

For å ta vare på både fisken, miljøet og forbrukaren, arbeider vi etter strenge kvalitetsstandardar som gjeld i heile produksjonsprosessen.

Open dialog og lokalt samarbeid

Blom ønskjer å drive korrekt, effektivt og målretta, med minst mogleg ulempe for menneske og miljø. Vi skal vere ein god nabo og ein positiv bidragsytar i lokalsamfunnet.

Naboar, lokalsamfunn og andre interessentar skal haldast informerte om arbeidet vårt gjennom årlege stakeholder-møte og ved behov via e-post, oppslag eller avis.

​

Forslag, tilbakemeldingar, innspel eller klager knytt til drift og produksjon kan sendast til post@blomsea.no. Det er òg mogleg å ta kontakt per telefon eller brev. Alle innkomne meldingar vert handsama i tråd med intern prosedyre, og alle får svar.

For å sikre trygge og berekraftige produksjonsprosessar er vi GlobalG.A.P.-sertifiserte, ein internasjonal standard for ansvarleg matproduksjon med tydeleg fokus på miljø, dyrevelferd og mattryggleik.

IMG_20200416_101907.jpg

Vi er godt i gang med ASC-sertifisering, som stiller strenge krav til berekraftig fiskeoppdrett, god fiskehelse og sosialt ansvar.

Sjå våre sertifiserte lokaliteter her

Sjomatrodet-laks-17_F.jpg
bottom of page