Kvalitet
I ei verd der ørretproduksjonen er i stadig utvikling, stiller vi høge krav til kvalitet, ansvar og langsiktig drift. God fiskevelferd er grunnlaget for alt vi gjer – frå rogn i tidleg stadium til eit ferdig produkt av høg kvalitet.
​Mattryggleik står sentralt i produksjonen vår. Vi gjennomfører regelmessige veterinærkontrollar av både fisk og anlegg, nyttar førebyggjande vaksinering mot sjukdomar og produserer utan bruk av hormon, GMO eller antibiotika. All fisk er dokumentert og sporbar gjennom heile verdikjeda.
For å ta vare på både fisken, miljøet og forbrukaren, arbeider vi etter strenge kvalitetsstandardar som gjeld i heile produksjonsprosessen.
For å sikre trygge og berekraftige produksjonsprosessar er vi GlobalG.A.P.-sertifiserte, ein internasjonal standard for ansvarleg matproduksjon med tydeleg fokus på miljø, dyrevelferd og mattryggleik.

Vi er godt i gang med ASC-sertifisering, som stiller strenge krav til berekraftig fiskeoppdrett, god fiskehelse og sosialt ansvar.
Sjå våre sertifiserte lokaliteter her




