Om selskapet

Blom Fiskeoppdrett AS har 7 ordinære matfiskkonsesjonar for laks og aure på 780 tonn MTB, samt 1 visningskonsesjon på 500 tonn MTB. Selskapet driv og smoltproduksjon på Askøy gjennom dotterselskapet Strømsnes Akvakultur AS, og på Sotra gjennom selskapet Austefjorden Smolt AS. Hovedkontor og base for aktivitetane våre er i Blomvåg, Øygarden kommune. Her har me dreve oppdrettsaktivitet sidan 1971. Me har og avdelingar i Askøy, Fjell, Sund, Meland, Radøy, Austrheim, Lindås og Masfjorden

Våre lokasjoner

  • Øygarden - Hjeltefjorden

    Vik
    Gardskråneset
    Ljøsøy - Visningsanlegg

  • Meland - Herdlafjorden

    Laksevika
    Kjeppvikholmen
     

  • Lindås/Masfjorden – Austfjorden

    Nesbø
    Rekeviki
    Vikane

  • Radøy/Austrheim – Hjeltefjorden

    Otterholmen

    Bøøy
    Allersholmen
     

  • Strømsnes Akvakultur AS

    Vårt smoltanlegg på Askøy lokalisert på Strømsnes like ved byfjorden. Her klekker vi all rogn og produserer også yngel som transporteres til anleggene på Sotra.

     

  • Austefjorden Smolt AS

    Skålevik

    Kvernevika


     

Historie

Blom Fiskeoppdrett AS er ei familieverksemd som no vert driven av andre og tredje generasjon. Blom Fiskeoppdrett AS vart stifta i 1971 av oppdrettsveteranen Andreas Blom; ein av pionerane i Noreg innan oppdrett av laks og aure.

Selskapet er i dag etterkomarane til Andreas Blom. Selskapet er sidan 2009 leia av Øyvind Blom – frå tredje generasjon. Selskapet har ein stolt tradisjon innan norsk oppdrettsnæring, der grundaren Andreas Blom i ei årrekkje var sentral i oppbygginga av det som i dag er ei av Noregs største eksportnæringar. Han var formann i Norske Fiskeoppdretternes Forening, Fiskeoppdretternes Salgslag samt sentral i oppstarten av Norsk Lakseavl (Aqua Gen) på 80-talet.

Blom Fiskeoppdrett kjøpte sommaren 2010 selskapet Marøy Salmon AS hjå Ronald Marøy i Radøy kommune, og totalt sett vil Blom systemet årleg produsera 10-11 000 tonn med laks og aure etter dette oppkjøpet. Marøy Salmon As var også ei grunderbedrift etablert av pioneren Mons Marøy. Selskapet fusjonerte med Blom Fiskeoppdrett i 2012. Hausten 2012 kjøpte me Strømsnes Akvakultur AS på Askøy hjå "smoltpioneren" Ådne Nilsson og Sveinar Kleiven der me årleg produserer ca 2,5 millioner smolt til matfiskanlegga. Våren 2015 kjøpte me 51 % av Austefjorden smolt AS på Sotra som produserer 1,2 mill smolt. Dette selskapet eig me saman med Ivar Emil Sangholt (49 %)

Lokalt engasjement

Me er opptatt av å vera ein bidragsytar i lokalsamfunnet. Arbeidsplassar, verdiskaping og aktivitet i kommunane me har aktivitet i står sentralt. Som familiebedrift er me langsiktig i all vår tenking og handling. Selskapet skal utviklast og drivast til nytte for lokalsamfunn, tilsette og eigarane. Selskapet skal vera ein plogspiss innanfor marin næring lokalt i Øygarden og alle dei andre kommunane me har aktivitet. Me legg vekt på å legga igjen mest mogeleg i lokalsamfunnet.

Småbedriftene har ei viktig rolle i lokalsamfunnet, og Blom Fiskeoppdrett gjer alt me kan for at lokalt næringsliv skal nyta godt av vår eksistens. Dette er samfunnsøkonomisk viktig og me vil søkja å bidra til dette lokalt.

Selskapet er medlem av SjømatNorge, NHO og Vest Næringsråd.