Om selskapet

Blom Fiskeoppdrett AS har 7 ordinære matfiskkonsesjonar for laks og aure på 780 tonn MTB, samt 1 visningskonsesjon på 500 tonn MTB. Som gir ein total MTB på 5960 tonn. Gjennom selskapa Blom Settefisk AS (3 konsesjonar) og Vik Settefisk AS (1 konsesjon) drifter konsernet også fire settefiskkonsesjonar. I dag er det omlag 70 tilsette i konsernet. Hovudkontor og base for aktivitetane våre er i Blomvåg, Øygarden kommune. Her har me drive oppdrettsaktivitet sidan 1971. Me har lokaliteter på matfisk i Måløy, Radøy, Meland, Fensfjorden og Øygarden. Frå Måløy i nord, til Vik i sør (Øygarden).

Våre lokasjoner

  • Øygarden - Hjeltefjorden

    • Vik
    • Gardskråneset
    • Ljøsøy - Visningsanlegg

  • Lindås/Masfjorden – Austfjorden

    • Nesbø
    • Rekeviki
    • Vikane

  • Radøy/Austrheim – Hjeltefjorden

    • Otterholmen
    • Bøøy
    • Allersholmen

  • Meland - Herdlafjorden

    • Laksevika
    • Kjeppvikholmen

  • Måløy

    Silda

  • Vik Settefisk AS

    Øygarden

  • Blom Settefisk AS

    • Askøy
    • Skålvik
    • Kvernevika

Historie

Blom Fiskeoppdrett AS er ei familieverksemd som no vert driven av andre og tredje generasjon. Blom Fiskeoppdrett AS vart stifta i 1971 av oppdrettsveteranen Andreas Blom; ein av pionerane i Noreg innan oppdrett av laks og aure.

Selskapet er i dag etterkomarane til Andreas Blom. Selskapet er sidan 2009 leia av Øyvind Blom – frå tredje generasjon. Selskapet har ein stolt tradisjon innan norsk oppdrettsnæring, der grundaren Andreas Blom i ei årrekkje var sentral i oppbygginga av det som i dag er ei av Noregs største eksportnæringar. Han var formann i Norske Fiskeoppdretternes Forening, Fiskeoppdretternes Salgslag samt sentral i oppstarten av Norsk Lakseavl (Aqua Gen) på 80-talet.

Blom Fiskeoppdrett kjøpte sommaren 2010 selskapet Marøy Salmon AS hjå Ronald Marøy i Radøy kommune, og totalt sett vil Blom systemet årleg produsera 10-11 000 tonn med laks og aure etter dette oppkjøpet. Marøy Salmon As var også ei grunderbedrift etablert av pioneren Mons Marøy. Selskapet fusjonerte med Blom Fiskeoppdrett i 2012. Hausten 2012 kjøpte me Strømsnes Akvakultur AS på Askøy hjå “smoltpioneren” Ådne Nilsson og Sveinar Kleiven med ein årleg produksjon på ca 2,5 millioner smolt. Våren 2015 kjøpte me 51 % av Austefjorden smolt AS på Sotra som produserer 1,2 mill smolt. I 2019 blei Strømsnes Akvakultur AS og Austefjorden smolt AS, slått saman til Blom Settefisk AS. Dette selskapet eig me saman med Ivar Emil Sangholt (27,69 %). I 2017 kjøpte me oss inn i Vik Settefisk AS (61,3%).

Konsernet har også eigarskap i bløggebåtane Hordabas og Hordafjell gjennom selskapet Thermo Service AS i lag med Kobbevik og Furuholmen Oppdrett AS. Desse båtane leverer slaktefisk og evt redningsfisk for selskapet.

Saman med fire andre oppdrettsselskap i Austevoll, Fitjar og Bømlo etablerte Blom Fiskeoppdrett i 2018 selskapet Hordalaks AS. Her kontraherte me ein av landets største brønnbåtar, med ein brønn på hele 4700 m3. Båten kan frakte opp til 500 tonn med levende laks inn til slakting på éin tur, eller behandle 480 tonn for lus gjennom varmebehandling.

Hordalaks AS starta med at Blom Fiskeoppdrett, samt Kobbevik og Furuholmen Oppdrett AS, eigde kvar sin tredjedel. Resten av eigarskapet var fordelt på Fremskridt Laks AS, Engesund Fiskeoppdrett AS og Fylkesnes Fisk AS. I 2020 blei selskapa Hordalaks AS og Erko Pioner AS slått saman til Hordalaks Holding. Gjennom dette fekk ein også båten Horda Pioner på 3000 m3.

Lokalt engasjement

Me er opptatt av å vera ein bidragsytar i lokalsamfunnet. Arbeidsplassar, verdiskaping og aktivitet i kommunane me har aktivitet i står sentralt. Som familiebedrift er me langsiktig i all vår tenking og handling. Selskapet skal utviklast og drivast til nytte for lokalsamfunn, tilsette og eigarane. Selskapet skal vera ein plogspiss innanfor marin næring lokalt i Øygarden og alle dei andre kommunane me har aktivitet. Me legg vekt på å legga igjen mest mogeleg i lokalsamfunnet.

Småbedriftene har ei viktig rolle i lokalsamfunnet, og Blom Fiskeoppdrett gjer alt me kan for at lokalt næringsliv skal nyta godt av vår eksistens. Dette er samfunnsøkonomisk viktig og me vil søkja å bidra til dette lokalt. Gjennom samarbeid med Kystmusset er Øygarden Visningssenter også eit sentralt satsningsområde for opplæring for turistar, politikarar, skuleelevar og lokalsamfunn.

Selskapet er medlem av SjømatNorge, NHO og Vest Næringsråd.