top of page

Me har ledige stillinger!

Over 50 år med oppdrett på Vestlandet

Gardskråneset, ©BlomFiskeoppdrettAS

Blom Fiskeoppdrett AS er ei familieverksemd som no vert driven av andre og tredje generasjon. Blom Fiskeoppdrett AS vart stifta i 1971 av oppdrettsveteranen Andreas Blom; som var ein av pionerane innan oppdrett av laks og aure i Noreg.

Hovudkontoret er i Blomvågen i Øygarden kommune, vest i havgapet, utanfor Bergen. Selskapet disponerer 7 matfiskkonsesjonar for laks og aure, samt ein visningskonsesjon. Dette er spreitt ut på lokalitetar i Måløy, Radøy, Meland, Fensfjorden og Øygarden.


Me har også fire settefiskkonsesjonar, tre stk gjennom selskapet Blom Settefisk AS og eit gjennom Vik Settefisk AS.

I dag er det litt under 60 tilsette i konsernet. Frå Måløy i nord, til Skålvik i sør.

bottom of page