Blom Fiskeoppdrett AS er ei familieverksemd som no vert driven av andre og tredje generasjon. Blom Fiskeoppdrett AS vart stifta i 1971 av oppdrettsveteranen Andreas Blom; ein av pionerane i Noreg innan oppdrett av laks og aure.
Selskapet har hovudkontor i Blomvågen i Øygarden kommune, ein times køyretur frå Bergen sentrum. Me produserer høgkvalitets laks og aure for den internasjonale marknaden, og me disponerer i dag 8 konsesjonar. Me har ei lang og tradisjonsrik historie i næringa, og feirar 40 år med oppdrettsaktivitet i 2011. Oppdrettsaktiviteten vår skjer hovudsakleg i Øygarden, Meland, Radøy, Austrheim og Lindås kommunar, og me er totalt 20 tilsette i selskapet.
Vi er med i nettverksbedrifta Salmon Group AS som er eit nettverksselskap for små og mellomstore oppdrettsselskap i bransjen. Blom Fiskeoppdrett AS eig også selskapet Øygarden Visningssenter AS, eit visninsanlegg for laks lokalisert like ved Kystmuseet i Øygarden. Her kan alle som ynskjer det få koma og sjå korleis eit oppdrettsanlegg fungerer i praksis. Sjå www.salmoncenter.no for meir informasjon om visningsanlegget.