Ein global marknad

Eksport av fisk har Noreg lange og sterke tradisjonar for. Dette har vore eit inntekts og næringsgrunnlag for kystsamfunna langt tilbake i tid, og i dag er fiskeeksport Noregs nest største eksportnæring etter olje og gassverksemda.

Blom Fiskeoppdrett AS

Ulvøyvegen 130, 5337 Rong
Tlf: 56 38 50 60
Fax: 56 38 50 70
Org nr: 840 215 512 MVA

Sal av våre produkt

Blom sine produkt går hovudsakleg til eksport, men store deler går også til lokale restauranter og butikkar i regionen. I løpet av eit år produserer mellom 10-13.000 tonn med laks og aure. Største andel vert solgt til Europa, deretter kjem Asia og Amerika.

Veksten i konsumet av laks i ulike former har vore formidabel siste åra. Sushi segmentet festar seg også i Europa, og dette har medført ein sterkt auka etterspørsel etter raud fisk. Norsk laks har i dag vorte ei internasjonal merkevare, konsumet aukar og nye marknad og kjøparar får stadig augene opp for denne sunne og gode maten.

For å auke kvaliteten har Blom Fiskeoppdrett i lag med Kobbevik og Furuholmen Oppdrett bygd den 28,5 meter lange «Hordafjell» som skal bløgge i båten ved merdkanten og frakte utblødd fisk til slakteria i Vestland. Fisken pumpes ombord, for avlivning og bløgging (kutte gjellene slik at fisken blør ut). Deretter kjølast den ned i RSW-tanker til rett over null grader mens den fraktes inn til slakteriet for vidare foredling, pakking og transport. Dette aukar kvaliteten på sluttproduktet, forbetrar fiskevelferden og er ein meir miljøvennleg metode enn tidligare bruk av brønnbåt.

Eksportutvalget for fisk, EFF (www.seafood.no) koordinerer det samla norske marknadsarbeidet nasjonalt og internasjonalt, i tillegg til at aktørane sjølv legg ned store ressursar og innsats i dette arbeidet.