Ein global marknad

Blom sine produkt går hovudsakleg til eksport, men kjøper du røykt laks eller aure frå Sotra Fiskeindustri / Sotra Seafood er sannsynligheita stor for at råvara er levert av oss.

Eksport av fisk har Noreg lange og sterke tradisjonar for. Dette har vore eit inntekts og næringsgrunnlag for kystsamfunna langt tilbake i tid, og i dag er fiskeeksport Noregs nest største eksportnæring etter olje og gassverksemda. 

I 2013 eksporterte Norge laks åleine til nærare 100 land verda over, og den samla eksportverdien for laks og ørret var 42,2 milliarder kroner. 

Blom Fiskeoppdrett AS

Ulvøyvegen 130, 5337 Rong 
Tlf: 56 38 50 60 
Fax: 56 38 50 70 
Org nr: 840 215 512 MVA 

Sal av våre produkt

Blom Fiskeoppdrett AS sel produkta våre hovudsakleg gjennom Coast Seafood AS. Coast har hovudkontor i Måløy, samt salgskontor i Bergen, Boston og Australia. Sentrale EU land sam Frankrike, England, Tyskland, Spania m.m er sentrale kjøparar, men også land som Russland, Japan, Israel og USA er sentrale marknader.

Russland har utvikla seg spesielt godt siste åra og er no ein stort og sentralt marknad, spesielt for fersk aure. Innlandsomsetning av norsk laks i dagligvare og restaurant aukar også kraftig, og det er tydeleg at vi et meir fisk her i Norge også.

Veksten i konsumet av laks i ulike former har vore formidabel siste åra. Sushi segmentet festar seg også i Europa, og dette har medført ein sterkt auka etterspørsel etter raud fisk. Norsk laks har i dag vorte ei internasjonal merkevare, konsumet aukar og nye marknad og kjøparar får stadig augene opp for denne sunne og gode maten.

Eksportutvalget for fisk, EFF (www.seafood.no) koordinerer det samla norske marknadsarbeidet i tillegg til at aktørane sjølv legg ned store ressursar og innsats i dette arbeidet.